Det er kun vi handlegaten.no som bruker informasjonen som samles inn, vi sprer den ikke videre til noen 3.part. Dere kan være trygge på at det kun blir brukt for å gi dere det best tilpassede innholdet fra våre butikker.
Toppmodell regnsett i vår aller mest slitesterke PU med børsta innside og alle smarte detaljar på plass. Fleksibelt todelt sett som held barnet tørt og...Toppmodell regnsett i vår aller mest slitesterke PU med børsta innside og alle smarte detaljar på plass. Fleksibelt todelt sett som held barnet tørt og komfortabelt – perfekt for aktiv leik i øs pøs regnvêr.
Regnsett Plask – kolleksjon «Superkatten 2026». Dette er toppmodellen vår – regnsettet som har alt. Regnsett Plask er laga for barn som er ute i all slags vêr, og som treng plagg som held tritt med både regnet og leiken. Her får du eit solid og gjennomtenkt sett som held barnet tørt og komfortabelt dagen lang.
Ein del av Superkatten-universet ?
I kolleksjonen Superkatten 2026 møter du små kvardagsheltar på superheltoppdrag. Inspirert av diktet «Ein superhelt», handlar kolleksjonen om leik, fart og fantasi i kvardagen. Her får barna springe, hoppe og utforske i regnet – i fargar og mønster som lyser opp sjølv dei våtaste dagane.
Både jakke og bukse er laga i slitesterk PU (Polyuretan Ekstrem) med børsta innside som gir ekstra luning og komfort. Sveisa saumar sørgjer for at vatnet held seg ute – sjølv når det øser og pøser.
Eit todelt regnsett gir stor fleksibilitet i kvardagen. På mildare dagar kan barnet bruke jakka aleine, eller kombinere ho med andre plagg. Er det varmt, men vått i graset, er det perfekt å berre bruke buksa – klar for leik og plasking utan å bli våt. Buksa har justerbare selar som gjer det enkelt å tilpasse passforma etter barnet, og som også kan forlenge levetida på plagget etter kvart som barnet veks.
Settet er fullt av gjennomtenkte detaljar som gjer ein forskjell i kvardagen. Vannstopparar på armar og bein hindrar vatn i å trekke inn, medan slitesterke strikkar under foten held buksa godt på plass over støvlane. Jakka har mjuk fleece på innsida av kragen for ekstra komfort mot haka, og refleksar på både jakke og bukse gjer barnet godt synleg ute.
Hetta er både avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.
Regnsett Plask kjem i fleire stilige fargar og mønster frå Superkatten-universet. Ønskjer barnet seg kappe? Då kan du enkelt kjøpe laus superheltkappe og feste ho under hetta – klar for nye superheltoppdrag ?
Eigenskapar:
• Materiale: Polyuretan Ekstrem (PU)
• Vannsøyle: 100% vanntett
• Ekstrem slitestyrke
• Vindtett
• Børsta innside
• Sveisa saumar
• Vannstoppar i armar og bein
• Slitesterke strikkar under foten
• Refleks på armar og bein
• Avtakbar hette (sikkerheitshette)
• OEKO-TEX Standard 100Les mer